Inntektsutvikling i Haugalandsjordbruket 2021

Inntektsutvikling i Haugalandsjordbruket 2021

Skrevet av Andreas Lundegård, landbruksrådgiver/autorisert regnskapsfører i Tveit Regnskap AS

Bonden si inntekts styrka seg monaleg i 2021, men ein del av auken er nok av forbigåande karakter grunna effektar frå korona i økonomien. Dette syner dei endelege gjennomsnittstala frå Tveit Regnskap AS som er henta frå gardsrekneskapa på i alt 206 bruk frå Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Tveit Regnskap AS fører rekneskapen for i alt 1.700 gardsbruk i regionen, og i løpet av ein 30- årsperiode har ein fylgt utviklinga på omlag 200-300 av desse bruka. Dette er familiebruk som har hovudinntekta si frå jordbruket, og talmaterialet byggjer på faktiske tal frå rekneskapa.

Korona hopp i inntekta

Etter ein periode med stagnasjon og utflating i inntekt frå 2015 til 2018, har inntekta gjort eit lite byks i korona åra 2020 og 2021.

Hovudtrekk frå 2021:

  • Solid auke for nært sagt alle produksjonane
  • Mjølk- og svin er bærebjelken, og her var auken størst
  • Tettar noko av inntektsgapet

Mjølkebonden

Mjølkebonden si inntekt gjorde eit solid byks. Men paradokset er at mjølkekua er inne i noko som kan likne litt på ei børsboble. Næringa har ei underliggjande utfordring med at Ola Nordmann et mindre norsk ost og drikk mindre mjølk – samstundes opphøyrde oste-eksporten i 2020. Dette skal normalt tilseie mindre produksjon og tilhøyrande svekka lønsemd. Men koronaåra 2020 og 2021 gav ein kunstig boost i marknad og inntening. Eit god mjølkesal i 2020 resulterte i gode resultat i Tine, med tilhøyrande god etterbetaling. Dette kombinert med mindre omsetningsavgift på mjølk, gav rekordstor auke i prisen til bonden (opp 58 øre). Samstundes resulterte stengde grenser til at folk åt meir norsk ost og drakk meir mjølk, noko som gjorde at mjølkeleveransen auka med ca 5% – klingande mynt i kassen det òg. I tillegg var produksjonskostnadane ganske stabile, verken kraftfôr eller kunstgjødsel steig urovekkande mykje. Akkurat det bilete ser dystrare ut i 2022 – då kostnadane til både kraftfôr og kunstgjødsel har eksplodert. Det siste er med å byggje under min påstand om at mjølkebonden nok gjerne var i ei børsboble i 2021, sanninga kan bli ei anna når ein kjem over i 2023 – når kostnadsauken slår inn for fullt, og signala om svekka resultat i Tine kan gi lågare mjølkepris. La oss håpe underteikna tek feil.

Dekningsbidrag pr. ku enda på 36.000 kr mot 27.900 kr i 2020. Mjølkepris på 6,22 kr/l og i snitt ei leveranse pr. gard på 221 tonn.

Storfèbonden som ikkje driv med mjølk har enten oksar til oppfôring eller driv med ammekyr. Ammekunæringa har henge etter inntektsmessig, og denne næringa fekk eit etterlengta løft i inntekt i 2021. Dekningsbidraget viste ein oppgang på 4.500 kr – til 11.000 kr pr. ku. Løftet var som sagt sårt tiltrengt, innteninga pr. ammeku ligg på snaut ein tredjedel av ei mjølkeku.

Griseprodusenten

Grisebonden har vore gjennom to «svinaktig» gode år – mykje grunna gunstige marknadsforhold.

Marknaden for 2020 og 2021 var spesiell – handledisken til «søtabror» var stengt, og eg og du åt meir av middagane våre i heimen og då gjerne som ei svinekotelett. Dette gav god etterspurnad og tilhøyrande god inntening for bonden.

Faren for overproduksjon vil då sjølvsagt vere til stades, men då gjerne ikkje grunna at for mange bønder hiv seg på karusellen og vil starte med gris. Til det er inngangsbilletten for høg – eit slaktegrisfjøs kostar i dag fort 8-9 mill. kr, og med dagens debatt kring kapitalavkasting i jordbruket er det dei færraste som kan eller vil ta seg råd til eit nybygg. Eigentleg eit sjukdomsteikn for næringa treng fornye driftsapparatet. Evnt bekymringa kring overproduksjon på gris knyt seg nok heller til at svenskane står klar med bacon på grensa.

Dekningsbidrag pr. slaktegris enda på 476 kr pr. gris, ein oppgang på 73 kr pr. gris – dvs. 18 % opp. Oppgangen er noko mindre for dei produsentane som driv med purker – smågrisprodusenten enda på 22.500 kr pr. gris mot 19.200 kr året før. Kombinert 26.500 kr mot 24.700 kr.

Sauekjøtet

Til liks med ammekyrne har sauenæringa og vore ei av produksjonane som har hengt lengst etter på inntening. Tilskot utgjer fort 60 % av innteninga i produksjonen, og det politiske landskapet sett saman med internasjonale handelsavtalar avgrensar mulighetene ein har for å betra inntekta nemneverdig. Sauen spelar ei viktig rolle m.h.t. både kulturlandskap og berekraftig produksjon – næringa bør òg sikrast berekraftige ramevilkår.

I snitt gjekk DB pr. sau opp med 261 kr til 1.041 kr. Sauebesetningane er i snitt mindre – med 70 dyr pr. gard –
så ei stor auke pr. dyr blir litt meir beskjeden på gardsnivå. Snaut 20. 000 kr pr. bonde.

Faste kostnadar

Skildringa over viser i stor grad utviklinga på inntektssida, men det vil alltid vera nokre «nissar» som et av lasset…

Sjølv om dagens kostnadsbølgje ikkje slår inn i rekneskapa før i 2022/2023, var 2021 òg prega av eit sigande kostnadsbilete i samfunnet. Straumprisane byrja å stige markant utover hausten, det same gjorde dieselprisane. Vidare har landbruket eit stort vedlikehaldsbehov og ei viss nybygging – så prisauken på byggjemateriale slo òg ut i bonden si lommebok. I tillegg steig prisane på handtverkarar og andre tenester bøndene forbruke.

Investering og finans

Bankrenta låg på eit rekordlågt nivå gjennom heile 2021. Gjeldsnivået i norsk landbruk har vore

stigande dei siste åra, så nedgang i rentenivå vart positivt motteke av bonden òg. Rentekostnad pr. gardsbruk gjekk i snitt ned med 15.000 kr – i snitt har kvar bonde ein rentekostnad på 95.000 kr og ei gjeld på 3,3 mill. kr.

Bonden investerte litt mindre i bygningar – nedgang på om lag 3.000 kr i snitt. Medan investeringa i maskinar gjekk opp 25.000 kr. Ein finn grunn til å minne på at investeringsbehovet framleis er stort, og det gjerne burde vore bygd og fornya meir. Høge byggjekostnader blir nok ein festbrems i så måte…

Glaskula

Haugalandsbonden fekk eit solid løft i inntekt gjennom 2021, eit sårt tiltrengt løft – men ei inntekt på 475.000 kr er gjerne ikkje allverden om ein samanliknar med andre grupper i samfunnet. Mykje er relatert til effekt av konorona – noko som heldigvis er forbigåande. Arbeidet med å heva bonden si inntekt, og gjera det attraktivt å vera matprodusent bør nok ikkje vera forbigåande.

Når ein kikkar framover ser bilete verken heilt svart eller kvitt ut. Tiltrua til norsk mat har styrka seg, og nordmenn tenkjer nok meir matvaretryggleik (jfr. kringen i Ukraina) – dette er med å styrka framtidstrua mi. På andre sida har krig og galopperande energiprisar gitt konsekvensar som ein nok knapt kunne føresett seg i dei villaste draumar – så dette gjer meg på andre sida litt uroa… Styresmaktene har nok vilje til å dekka opp den kostnad som veltar innover bonden – men er verktøya gode nok.

Men mat er viktigare enn nokon gong, og det vel eg tru er viktigast.

Ønskjer du å sjå meir frå pressemeldinga, så finn du fullstendige utgåve her: Pressemelding inntektsutvikling Haugalandsjordbruket 2021